Скачать ноты "Sporven"
При нажатии на файл может появиться вопрос о разрешении всплывающих окон для сайта PrimaNota - нужно их разрешить, иначе скачивание не начнется.
-
Sporven.pdf [66,52 Кб] -
Sporven.mid [4,96 Кб]
текст песни (слова), перевод "Sporven"
Sporven Småsporven gjeng i tunet og tippar korn og ribbar strå, og hev så god ein une og ler åt katten grå. Pip, pip, det så seg lagar, alle dagar at Monsemann meg jagar, men kan meg aldri få. Eg er så lett på vengen, og Mons må sleikja seg om trut; kvitt, kvitt, den gamle drengen, han fekk så mang ei sut. Og om i vide ringar, hauken svingar, eg burt meg kverv og kringar, og slepp av leiken ut. Eg lever dagar lette og er fornøgd, å ja, å ja! Kvar dag eg fær min mette, som eg det best vil ha. Pytt, pytt, kven spør om føda? Nok i løa! Der ligg den rike grøda; der kan eg berre ta. Og titt eg fær i joli ein godbit fin av Veslemøy; og frys det, hev eg skjol i det gode varme høy. Og så kvitt, kvitt, gomå'rn! Så kjem våren; da fri på vengen boren eg byggjer reir på øy.